Arkivverket tek driftsansvaret for Arkivportalen

 

Riksarkivaren har meddelt Stiftelsen Asta at Arkivverket tek på seg ansvaret for drifta av Arkivportalen.

Arkivverket tek frå 1. januar 2011 det økonomiske ansvaret for drift og vedlikehald av utstyr, noko som vil seie at Arkivverket vil dekkje meir enn halvparten av dei årlege kostnadane.

Stiftelsen Asta vil halde fram med å ha forvaltningsansvaret for Arkivportalen.

Les brevet frå Riksarkivaren


Kommentarfeltet er stengt.