Sluttrapport frå prosjektet privatarkiv i musea

Sluttrapporten frå prosjektet «privatarkiv i museum» som vart initiert av ABM-utvikling og Riksarkivaren er no fullført.

Arkivkartlegginga i 2005 synte at norske museum oppbevarar meir enn 30 000 hyllemeter privatarkiv og at størsteparten av dette materialet er uordna og utilgjengeleg for bruk. Musea manglar faglege og økonomiske ressursar til å ta seg av arkiva på ein forsvarleg måte.

Dette var bakgrunnen for at ABM-utvikling og Riksarkivet sette igang prosjektet «Privatarkiv i museum» i 2007. I første omgang som eit pilotprosjekt.

Seks av åtte fylke har no levert sluttrapport. Dei rapporterar at dei har fått ei oversikt over tilstand og mengde i sine respektive fylke. Dei har utarbeidd planar/avtalar for kven som skal gjere kva påprivatarkivområdet. Fleire fylke har oppretta faste møtefora. I Hordaland har ein til dømes oppretta eit privatarkivnettverk.

Sluttrapporten syner og at kompetansen i musea har auka. Riksarkivet har som bidrag i prosjektet halde kurs og opplæring regionalt.

Les sluttrapporten: Privatarkiv i musea

 

 


Kommentarfeltet er stengt.