Kulturdepartementet tek i mot skriftlege innspel til arkivmeldinga

Kulturdepartementet skal i løpet av 2012 leggje fram ei melding til Stortinget om arkivsektoren. 9. juni arrangerte departementet innspelskonferanse der ei rekkje representantar for arkivsektoren i Noreg fekk koma med sine innspel til meldinga.

Departementet har i tillegg opna for skriftlege innspel til meldinga. Fristen er sett til 1. september og kan sendast til e-post: arkivmelding@kud.dep.no

Me oppmodar våre medlemer om å gjera nytte av denne mulegheiten.

For at LLP skal få innspel frå medlemer og fylgje opp arbeidet vidare er det fint om innsendte innspel vert sendt i kopi til oss på e-post: postmottak@llp.no

Lenkje til Kulturdepartementet


Kommentarfeltet er stengt.