LLP overfører openArms-midlar til DIAS-prosjektet

LLP vedtok på styremøte 25. mai 2011 å overføre dei resterande midlane frå openArms-prosjektet til DIAS-prosjektet.

Det stod att kr 355 183 kr frå openArms-prosjektet. Desse er no overført til Riksarkivet.

DIAS-prosjektet er eit samarbeid mellom Riksarkivaren og fire sentrale kommunale aktørar; Bergen Byarkiv, Oslo byarkiv, IKA Møre og Romsdal, og IKA Trøndelag.

Eit hovudmål for prosjektet er å definere ein felles og omforent pakkestruktur for bevaring av digitalt arkivmateriale med utgangspunkt i OAIS-standarden (ISO 14721: 2003). Denne strukturen skal kunne nyttast fleksibelt for alle typer av digitale leveransar til statlege og kommunale arkivdepot.

Grunngjevinga for vedtaket kan lesast i orienteringsbrevet til Norsk Kulturråd.

Meir om DIAS-prosjektet.

 

 

 


Kommentarfeltet er stengt.