Søk støtte til arbeid med privatarkiv

Me minnar om Norsk Kulturråd si støtteordning for privatarkiv.

Institusjonar som arbeider med å bevare og gjere tilgjengelegg privatarkiv, kan søke Kulturrådet om støtte innan 15. mars 2012.

På statsbudsjettet for 2012 vart det vidareført ei støtteordning for privatarkiv som ledd i Kulturrådet sitt ansvar for å tilretteleggje og koordinere arbeidet med arkiv frå privat samfunnssektor. Tiltaket er grunna i behovet for meir helskapeleg samfunnsdokumentasjon, der ein ser arbeidet med offentlege og private arkiv meir i samanheng. Vidare er digitalisering og digital tilgjengelegheit til et breidt utval av arkiv gjennom Arkivportalen eit siktemål med støtteordninga.

Les meir på Norsk Kulturråd sine heimesider


Kommentarfeltet er stengt.