LLP ber medlemer om innspel til lov om Norsk Kulturråd

LLP er ein av høyringsinstansane som skal kome med innspel til kulturdepartementet om utkast til lov om Norsk Kulturråd.

Bakgrunnen for det nye lovforslaget frå departementet er eit mål om å utarbeide eit regelverk som er betre tilpassa dagens forhold enn det regelverket og styringsgrunnlaget som stammar frå etableringa av rådet i 1965. Betydeleg delegering av oppgåver og nye funksjonar for rådet har kome til. Mellom anna gjeld dette overføringa av arkiv- og museumsoppgåvene frå ABM-utvikling og ein omlagt tilskotsstruktur.

Fråsegna frå LLP skal representere alle våre medlemsorganisasjonar, og det er difor ynskjeleg at me mottek innspel til utkastet til lova.

Innspel kan sendast på e-post til vårt postmottak: postmottak@llp.no

Frist: 1. august 2012.

Høyringsbrev

Høyringsnotat

Høyringsinstansar


Kommentarfeltet er stengt.