Kulturrådet gjev støtte til Wikipediakurs

Norsk Kulturråd har sett av midlar for 2012 til arkiv, museum, og regionale kulturnett som skipar til kurs i korleis skriva for Wikipedia. Mesteparten av midlane skal nyttast til å etablera kurs og samlingar for fagfolk ved institusjonane og frivillege rundt i landet. Det løyvast inntil kr 25 000 for kvart kurs som vert innvilga støtte.

Søknadsfrist er 20. juni.

Kulturrådet vil kople informasjon i ulike formidlingstenester som arkivportalen.no, digitaltmuseum.no, digitaltfortalt.no og europeana.eu saman med innhald i sentrale kunnskapskjelder. Gjensidig lenking vil bidra til meir bruk av dei ulike kunnskapskjeldene og gjera tema som gjeld arkiv, museum og kunst meir kjende blant brukarane.

Les meir på Norsk Kulturråd sine heimesider.


Kommentarfeltet er stengt.