Høyringsfråsegn – Lov om Norsk Kulturråd

LLP har sendt høyringsfråsegn til Kulturdepartementet vedkomande forslag til ny lov om Norsk Kulturråd.

Bakgrunnen for det nye lovforslaget frå departementet er eit mål om å utarbeide eit regelverk som er betre tilpassa dagens forhold enn det regelverket og styringsgrunnlaget som stammar frå etableringa av rådet i 1965. Betydeleg delegering av oppgåver og nye funksjonar for rådet har kome til. Mellom anna gjeld dette overføringa av arkiv- og museumsoppgåvene frå ABM-utvikling og ein omlagt tilskotsstruktur.

Les LLP si fråsegn

Høyringsbrev
Høyringsnotat
Høyringsinstansar


Kommentarfeltet er stengt.