Svarbrev frå Norsk Kulturråd vedkomande støtteordninga for privatarkiv

LLP sendte 12. juni eit likelydende brev til Kulturrådet og Kulturdepartementet der LLP understreka ei forventning om at løyvde midlar til støtteordninga for privatarkiv for 2012 ikkje skal bli lågare enn dei midlane som vart løyvd i 2011.

6. juni vart det klart at Kulturrådet har løyvd 3, 3 millionar kroner til 25 institusjonar under støtteordninga. Dette representerer inga auke frå 2011. I tillegg til tildelingane våren 2011 vart det i november same år løyvd 1, 1 millionar ekstra til 5 institusjonar som var vurderte som viktige prosjekt, men som likevel ikkje hadde nådd fram i hovudtildelinga.  LLP bad om at det og i år vert lagt inn ekstra midlar til støtteordninga.

I brevet frå LLP vart det og understreka viktigheita av at Kulturdepartementet legg til rette for ei rask stigning av midlar i støtteordninga for privatarkiv.

LLP har no fått svar frå Kulturrådet.
Svarbrev til LLP frå Norsk Kulturråd

 

Knytt til denne saka:
LLP sitt likelydende brev til Kulturrådet og Kulturdepartementet
Tre millionar til privatarkiv

 


Kommentarfeltet er stengt.