Arkivmeldinga – LLP ber om referansedokument frå medlemer

LLP arrangerte 13. desember medlemsmøte om stortingsmeldinga om arkiv, som vart lagt fram av Kulturdepartementet 9. november.

Me takkar for alle innspel. Me har motteke viktige innspel frå heile breidda av fagmiljøet. På  medlemsmøtet deltok representantar for byarkiv, fylkesarkiv, museum, ein privatarkivinstitusjon og kommunarkivinstitusjonanes digitale ressurssenter. I tillegg har me fått fleire skriftlege innspel frå representantar frå byarkiv, museum og interkommunale arkivinstitusjonar.

Ein av konklusjonane frå medlemsmøtet er at arkivinstitusjonar utanfor Arkivverket er lite synlege i meldinga. Dette misforholdet ynskjer LLP å bidra til å jamne ut.

Nokre viktige punkt:

I løpet av januar/februar skal LLP møte familie- og kulturkomiteen på stortinget for å drøfte meldinga i forkant av at meldinga skal handsamast av denne i løpet av våren.

Me vil difor be våre medlemer om å sende oss eit skriv på inntil ei side som kan bidra til å utfylle hovudpunkta av det som de meiner meldinga manglar med utgangspunkt i dykkar organisasjon/institusjon, – og det som de ser på som dei viktige utfordringane for dykkar verksemd. Det er ynskjeleg at skrivet startar med ei kort skildring av verksemda.

Desse vil nyttast som referansemateriale for det dokumentet som LLP skal utarbeide til komiteen og til departementet. Det er såleis av stor betydning at så mange som muleg av medlemene våre bedreg med eit slikt skriv.

Frist er sett til 15. januar 2013 og kan sendast til e-post: postmottak@llp.no


Kommentarfeltet er stengt.