Stortinget handsamar arkivmeldinga

Stortingsmeldinga om arkiv vert handsama av Stortinget i dag, torsdag 4. april kl 10.00. Arkivmeldinga er første sak på dagsorden, og det er høve til å følgje denne direkte frå Stortinget sitt nettfjernsyn.

Meldinga vart fremja i statsråd 9. november 2012, og har vore til handsaming i Stortinget sin familie- og kulturkomite fram til 14. mars, då komiteen sende si innstilling til Stortinget. LLP la fram si tilråding til komiteen i høyring 22. januar.

Opposisjonen i komiteen, Framstegspartiet, Høgre og Kristeleg Folkeparti, har kritisert meldinga for å vere ei melding som har ei altfor smal tilnærming til arkivfeltet, som prioriterar å handsame det statlege Arkivverket framfor det heilskapelege arkivlandskapet, og som i for låg grad peikar framover og gjev sats til naudsynt politikkutvikling.

Gunn Karin Gjul (Arbeidarpartiet) har leia komiteen og Olemic Thommesen (Høgre) har vore saksordførar.

Peikarar:

Stortinget sitt nettfjernsyn (møtetype Stortingsmøte)
Innstilling 243 S (2012-2013)
Melding St. 7 (2012-2013) Arkiv
LLP sitt framlegg for Stortinget sin familie- og kulturkomite


Kommentarfeltet er stengt.