Gjennomgang av Norsk Kulturråd – Kulturdepartementet ber om skriftlege innspel

japanese typewriter the commonsRegjeringa ønskjer å reformere kulturpolitikken med mål om auka maktspreiing, høgre kvalitet og breiare finansiering av kulturlivet. I samband med dette har Kulturdepartementet sett ned ei utgreiingsgruppe som skal gjennomgå Norsk Kulturråd si arbeidsform og organisering. I tillegg er det sett ned ei referansegruppe som skal kome med innspel til utgreiingsgruppa sitt arbeid. LLP sin leiar, Karin Gjelsten, er utnemnd til medlem av referansegruppa.

Utgreiingsgruppa skal beskrive Norsk Kulturråd sin organisasjon og oppgåver i dag, vurdere om Norsk Kulturråd si oppgåvesamansetning er føremålstenleg og legge fram forslag om eventuell alternativ oppgåvesamansetning/andre organisatoriske modellar.

Det er høve til å sende inn skriftlege innspel til utgreiingsgruppa.. Frist for innsending av desse er 15. mars og kan sendast til e-post: postmottak@kud.dep.no. E-posten må merkjast «Innspill-Norsk Kulturråd».

 

Les meir:

Kulturdepartementet – Gjennomgang av Norsk Kulturråd

Mandat – Referansegruppe gjennomgang av Norsk Kulturråd

Medlemer – utgreiingsgruppe og referansegruppe

Kulturdepartementet, pressemelding 16. desember 2013


Kommentarfeltet er stengt.