Kr. 10 000 i LLP-stipend til Skeivt arkiv

skeivtarkiv2

Etter å ha handsama innkomne stipendsøknader for 2014 har LLP sitt styre vedteke å løyve kr. 10 000 til Skeivt arkiv ved Avdeling for spesialsamlingar, Universitetsbiblioteket i Bergen.

Stipendet skal nyttast som reisestøtte for prosjektleiar og to prosjektmedarbeidarar til konferansen «What is & how to do LGBT History», som vert halden i samband med LGBT History Festival i Manchester, Storbritannia 14.-15. februar 2015. Den har som føremål å «avdekke og forstå regionale, tidsmessige og ideologiske forskjeller i historiske forståelser av kjønn og seksualitet», med særleg fokus på mellom anna arkivretta forsking og avdekkjing av kjeldemateriale.

Skeivt arkiv sitt føremål med reisa er å utveksle kunnskap med tilsvarande fagmiljø i andre land, som allereie har arkivfagleg erfaring med kjeldemateriale knytta til skeiv historie, fremje sitt eige arbeid, og ta med seg internasjonal kompetanse på feltet tilbake til Noreg.

Skeivt arkiv vil levere rapport for reisa i form av eit innlegg på LLP sin landsmøtekonferanse 13.-14. april 2015.

Skeivt arkiv sine nettsider

Foto: Skeivt arkiv. Teamet bak Skeivt arkiv. —  Simon Mitternacht, Tone Hellesund, Heidi Dybwik-Rafto,Runar Jordåen og Hannah Gillow Kloster.

 

 


Kommentarfeltet er stengt.