LLP i komitehøyringar på Stortinget

stortingsbygningen. Stortingsarkivet - foto. Teigens fotoatelier asLLP møter Stortinget sin familie- og Kulturkomite torsdag 6. november, for å kommentere regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett for 2015, som vart lagt fram 8. oktober. LLP har fått felles høyringsrunde med Norsk Arkivråd kl 18.20 – 18.40. Organisasjonane har 6 minutt kvar til å legge fram sine innlegg. LLP sitt innlegg startar kl. 18.30.

Komitehøyringane er opne for publikum og finn stad i Stortinget i Nedre Vollgt. 20. Du kan og følgje høyringsrunda og LLP sitt innspel direkte på Stortinget sitt nettfjernsyn. Vel høyringssal N-202.

Stortinget sitt nettfjernsyn

Fungerande styreleiar Tom Oddby og nestleiar Cecilie Lintoft møter for LLP.

Stortinget sin familie- og kulturkomite består av leiar Svein Harberg (H), Geir Jørgen Bekkevold/Dag Sele (Krf), Rigmor Aasrud (A), Arild Grande (A), Hege Haukeland Liadal (A), Kårstein Eidem Løvaas (H), Sonja Mandt (A), Morten Stordalen (Frp), Ib Thomsen (Frp) og Mette Tønder (H).

Høyringsprogram

Statsbudsjettet 2015, kapittel fordelt til Familie- og kulturkomiteen

(Foto: Stortingsbygningen. Stortingsarkivet. – Teigens fotoatelier)


Kommentarfeltet er stengt.