LLP har levert budsjettinnspel til Familie- og kulturkomiteen

Tom og Cecilie 2Fungerande leiar for LLP, Tom Oddby, og nestleiar Cecilie Lintoft har i kveld lagt fram sitt innlegg til Stortinget sin Familie- og kulturkomite, vedkomande regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett for 2015.

På grunn av ei kommunikasjonssvikt mellom vaktene i stortingsbygget fekk Oddby og Lintoft kome seg fram til høyringssalen i siste minutt, men fekk bruke dei 6 tilmålte minutta til å legge fram LLP sitt innspel.

Situasjonen kring støtteordninga for privatarkiv var eitt av temaene Oddby og Lintoft tok opp i innlegget. Etter at støtteordninga i 2013 berre var reservert musea, til sterke protestar frå LLP, fekk arkivinstitusjonane igjen mulegheit til å søke midlar frå støtteordninga i 2014. Det har nyleg oppstått usikkerheit om innretninga kring støttordninga att, då det har kome signal som kan tyde på at denne i 2015 igjen skal vere reservert berre musea.

Dei fekk og levert eit skriftleg innlegg til komiteen sine representantar.

Innlegget kan du lese her:
LLP sitt innlegg – Statsbudsjettet 2015

Innlegget på Stortinget sitt videoarkiv (LLP sitt innlegg startar 13 minutt inn i sendinga):
Budsjetthøyringar – Familie- og kulturkomiteen – 6.11.2014

Les og:
LLP i komitehøyringar på Stortinget

 


Kommentarfeltet er stengt.