Arkiv- og museumstilskot over til tippemidlane i Kulturfondet

Kulturrådet melder på sine nettsider at utlysing av utviklingsmidlar for arkiv og museum (post 77), med frist 15. oktober 2014, blir trekt tilbake. Innkomne søknader vil ikkje bli handsama. Unntaket er tilskotsordninga for sikringstiltak i museum.

Bakgrunnen er regjeringa sitt forslag til statsbudsjett for 2015 (Prop. 1 S 2014-2015). Det vart der føreslått at tilskot til arkiv- og museumsføremål vert flytta over til Kulturfondet med finanisering frå spelemidlar frå Norsk Tipping, med ei ramme på 30, 2 millionar kroner. Spelemidlane blir forvalta av Kongen, og er ikkje ein del av statsbudsjettet.

Prosjekt- og utviklingstiltak på museums- og arkivfeltet blir vidareført i 2015 over spelemidlane på samme nivå som i 2014. Midlane vil i starten av 2015 bli lyst ut som søkbare program.

Regjeringspartia Høgre og Framstegspartiet inngjekk 21. november ei budsjettavtale med partia Venstre og Kristeleg Folkeparti. Statsbudsjettet sine kapittel fordelt til Familie- og kulturkomiteen vart handsama 3. desember og vart vedtekne av stortinget 10. desember.

Lenkjer:

Utlysning av utviklingsmidler for museum og arkiv trekkes tilbake (Kulturrådet)

Kulturrådet – Statsbudsjettet 2015

Enighet om statsbudsjettet 2015 (Regjeringen)

Statsbudsjettet 2015 – kapitler fordelt til Familie- og kulturkomiteen (Stortinget)


Kommentarfeltet er stengt.