Berre arkivarar fekk gje innspel om arkivforskrifta

Arkivforskrifta er under revisjon og tysdag 5. mai inviterte Kulturdepartementet, som har ansvaret for revisjonen, til innspelsmøte. Kommunal Rapport melder at fleire reagerer på at pressa og andre representantar for ålmenta ikkje var inviterte til møtet. Berre arkivmiljøet og KS var invitert. LLP-leiar Tom Oddby var sjølv tilstade under møtet. Han meiner fleire, og særleg pressa, burde ha vore inviterte. Kulturdepartementet hevdar på si side at det ikkje er snakk om lov- eller forskriftsarbeide med sikte på lovendringar i gjeldande regelverk, og at det i første omgang er snakk om ei kartlegging av endringsbehov i regelverket.

Les artikkelen i Kommunal Rapport:
«Bare arkivarer fikk si sin mening om arkivregler»

 


Kommentarfeltet er stengt.