Kulturdepartementet møter LLP 12. august

Akergata59v1LLP får møte Kulturdepartementet onsdag 12. august.

Bakgrunnen er LLP sine sterke bekymringar vedkomande prosessen kring utviklingsoppgåvene for arkivfeltet i samband med den gjennomførte overføringa av oppgåvene frå Kulturrådet til Arkivverket i 2015. I tillegg er LLP sterkt bekymra for dei store kutta som støtteordninga for arkivsektoren no har vore gjenstand for.

I samband med dette har LLP sendt eit brev der det vart gjort greie for desse bekymringane og der LLP har bede om å få møte departementet for drøftingar. Kulturdepartementet har vore svært imøtekomande for å halde eit snarleg møte og det er no semje om at dette kan finne stad 12. august.

Leiar Tom Oddby, nestleiar Cecilie Lintoft og organisasjonssekretær Inger Lene Nyttingnes møter for LLP.

Les meir om saka:
Pressemelding: Fem millionar mindre i utviklingsmidlar 
Brev til Kulturdepartementet – Sterk bekymring vedkomande utviklingsoppgåvene for arkiv

Foto: «Akergata59v1» av Alejandro Decap. Lisensiert under CC BY-SA 3.0 via Wikimedia Commons – Lisens

 

 

 

 


Kommentarfeltet er stengt.