KUD har svart på spørsmål frå LLP om utviklingsoppgåvene

Akergata59v1I etterkant av LLP sitt møte med Kulturdepartementet 12. august, vedkomande utviklingsoppgåvene for arkivsektoren, sendte LLP eit oppfølgjingsbrev til departementet der det vart bede om tilbakemelding på fleire spørsmål knytta til departementet sin argumentasjon under møtet.

Mellom anna kom det fram at det var sterk usemje mellom KUD og LLP vedkomande LLP sitt framlegg om at arkivsektoren har gått gjennom ei nedprioritering frå styresmaktene si side dei siste åra. Departementet hevda at arkivsektoren tvert om har blitt styrka i denne perioden. LLP har no bede om at departementet legg fram dei konkrete summane knytt til dette.

LLP arbeider no med ei kort tilbakemelding til departementet.

Les departementet sitt svarbrev og tidlegare saker knytt til dette:

KUD – svar på spørsmål frå Landslaget for lokal- og privatarkiv

Tidlegare nyhende knytt til denne saka:
Brev til Kulturdepartementet august 2016
– 17. august: Referat frå møte mellom Kulturdepartementet og LLP
– 28. juni: Kulturdepartementet møter LLP 12. august
– 15. juni: Fem millionar mindre i arkivutviklingsmidlar – LLP krev heilomvending frå Kulturdepartementet

 

 

 


Kommentarfeltet er stengt.