Teatersjefane Fahlstrøm – stipendrapport frå Benedikte Berntzen

Johan FahlstrømBenedikte Berntzen ved Nasjonalbiblioteket er ein av fire stipendmottakarar i 2015. Ho vart tildelt kr. 10 000 til sitt prosjekt.

Berntzen sitt prosjekt omhandlar vidareutvikling av arkiva etter teatersjefane Johan og Alma Fahlstrøm, å lyfte fram norsk teaterhistorie og heve denne kunnskapen for ei brei lesargruppe. Ekteparet Fahlstrøm var teatersjefar ved ei rekkje privatteater, som Centralteatret og Fahlstrøms Theater i Eldorado. Prosjektet har ein teknisk-fagleg del og ein del for utarbeiding av fagleg artikkel som vil søkjast publisert i eit fagleg tidsskrift. LLP sine løyvde stipendmidlar er øyremerkja den delen av prosjektet som omhandlar utarbeiding av fagleg artikkel.

Alma Fahlstrøm kilde Oslobilder.noBenedikte Berntzen har no levert rapport frå prosjektet. Sjølve artikkelen vil bli lagt ut etter at den først er publisert i eit tidsskrift.

Les Rapporten:
Rapport – arkiva etter teatersjefane Johan og Alma Fahlstrøm

Foto:
Øvst: Johan Fahlstrøm, ukjent fotograf. Kjelde: Oslobilder.no
Lisens: Creative Commons
Under: Alma B. Fahlstrøm, teikna av Johan Fahlstrøm. Kjelde: Oslobilder.no
Lisens: Creative Commons


Kommentarfeltet er stengt.