Pressemelding: AP ber Widvey svare om midlane til privatarkiva

Hege Haukeland LiadalKven fjerna pengane til privatarkiva?

Arbeiderpartiet krev svar frå kulturministaren om støtteordninga for privatarkiv

– Hvis vi skal sikre at «alle har rett på en fortid» er det på tide at kulturministeren står til ansvar for de tilsynelatende kutt hun har foretatt seg for de mange privatarkiv i landet, seier kulturpolitikar og stortingsrepresentant Hege Haukeland Liadal (A).

Bakgrunnen er at støtteordninga til privatarkiv tilsynelatande har forsvunne utan at det er gjort vedtak om dette.

Hege Haukeland Liadal har sendt spørsmål til kulturminister Thorhild Widvey, der Liadal ber om å få ei avklaring på forvirringa som det siste året har råda kring støtteordninga for privatarkiv. Denne støtteordninga blei innførd av Stortinget frå 2010.

Les Haukeland Liadal sitt spørsmål til Kulturminister Thorhild Widvey

Gjeldande frå 2015 blei støtteordninga innretta kun mot museumsinstitusjoner, og arkivinstitusjoner vart dermed ikkje kvalifisert til å søkje. Midlar frå støtteordninga ser imidlertid ut til ikkje å ha blitt lyst ut, slik føresetnadene var. Det kan sjå ut til at støtteordninga no har blitt avvikla i det stille, utan at konkret tiltak har blitt fatta av departementet, og det er uvisst kva som har skjedd med midlane. Dette har vakt sterke reaksjoner.

LLP har arbeidd for å finne svar på kva som har skjedd, og har blant anna vore i møte med Kulturdepartementet om saka. Nesten fire millionar kroner synes å vere omdisponerte frå støtteordninga utan nokon begrunning og tilsynelatande utan at vedtak om oppheving av støtteordninga er fatta. Hege Haukeland Liadal har reagert på dette etter at ho vart kjend med problemstillinga på ein arkivkonferanse (SAMDOK-konferansen) på Gardermoen 12. november.

Støtteordninga for privatarkiv har vore svært viktig for både arkiv- og museumssektoren i dei 5 åra den fantes (2010-2014). Den har bidrege til eit lite, men svært viktig steg i retning av å kunne nå målet om ein heilskapeleg samfunnsdokumentasjon og få bevart privatarkiv.

Kontaktperson LLP: styreleiar Tom Oddby, 92045612

 

Foto: Hege Haukeland Liadal.Arbeiderpartiet. Flickr Lisens


Kommentarfeltet er stengt.