LLP vil ha ressursinnsatsen på arkiv tydelegare registrert i KOSTRA

Illustrasjoner strategiplan til designerLLP har sett i gang arbeid med å sjå nærare på behovet for at arkivsektoren sin ressursinnsats vert tydelegare registrert i KOSTRA (Statistisk sentralbyrå). KOSTRA er eit verktøy for å måle ressursbruk og for å samanlikne kommunane på ulike område.

Arkiva sin ressursbruk er ikkje synleg i KOSTRA, noko som inneberer fleire problemstillingar. Som oftast vert ressursane registrert under administrasjon, men i somme tilfelle vert den også registrert under kulturvern, men med det under Kulturminnelova. LLP meiner at ressursbruken nytta på depot og formidling, og som vert politisk handsama under Kulturdepartementet og Arkivlova bør bli registrert i KOSTRA på det område ein vert lovmessig handsama under. Med det meiner ein at det skal vere samsvar mellom lovpålagte oppgåver i Arkivlova og registrering av ressursbruken under denne i KOSTRA.

Politiske styresmakter nyttar KOSTRA som reiskap i arbeidet sitt. Når ressursar på dette området framstår som kostnadsfrie, eller at det ikkje vert nytta ressursar på arbeidet, fryktar LLP at dette kan gje store konsekvensar for arkivsektoren.

LLP har vore i kontakt med KOSTRA si arbeidsgruppe for Kultur, barne- og ungdomstiltak. Det er no etter avtale med arbeidsgruppa sin leiar sendt inn eit innspel, og LLP har bede om å få eit møte med arbeidsgruppa, eller med representantar for arbeidsgruppa, i januar 2016.

Medlemer kan kome med innspel til dette arbeidet. Innspel kan sendast på e-post til organisasjonsekretær Inger Lene Nyttingnes: inger.nyttingnes@llp.no

Les vårt innspel til KOSTRA si arbeidsgruppe for Kultur, barne- og ungdomstiltak:

Innspel om registrering av arkivsektoren i KOSTRA (SSB)

Landslaget for lokal- og privatarkiv (LLP) er ein fagpolitisk interesseorganisasjon som arbeider for vern og formidling av kommunale og private arkiv, for å heve den faglege kompetansen og oppmuntre til lik praksis i arbeidet med arkivalia. Organisasjonen har 130 institusjonsmedlemer og representerar den store breidda av den ikkje-statlege arkivsektoren i Noreg. Sjå meir på vår nettside, www.llp.no.

LLP ser nokre viktige problemstillingar knytt til registrering av arkivsektoren sine oppgåver og kostnader i KOSTRA, og ynskjer å spele desse inn for arbeidsgruppa.

Arkiv blir som lovpålagt oppgåve og politikkområde handsama som ein del av kulturfeltet. Utgangspunktet er todelt; det gjeld lovpålagte oppgåver som er heimla i Arkivlov med forskrifter, og det gjeld skildringar av politikkområde i politiske meldingar og utgreiingar. Arkivlova er ei kulturlov. Den vert forvalta av Kulturdepartementet, og oppgåver vert derfrå delegert til Riksarkivaren.

I dag vert arkivkostnader i dei fleste tilfelle registrert i KOSTRA som administrative oppgåver. LLP ser på dette med stor bekymring då kostnader knytt til lovpålagte oppgåver som ligg under Kulturdepartementet sine oppgåver og ansvarsområde vert usynlege – eller framstår som kostnadfrie, og meiner det kan ha store konsekvensar for sektoren at kostnader knytt til desse oppgåvene ikkje vert synlege i KOSTRA. Ein veit at kulturstyresmaktene nyttar KOSTRA som verktøy når dei mellom anna måler kultur-Noregs tilstand og til andre utgreiingar. LLP bekymrar seg for at arkivsektoren ikkje blir sett under det politiske ansvarsområde det vert handsama under og at ressursinnsatsen her vert skjult i systemet.

I nokre tilfelle vert arkiv og registrert i KOSTRA som kulturoppgåver, men då som kulturminnevern. Eit område som vert handsama av kulturminnelova og som difor også gjev eit misvisande bilete. Dei lovpålagte oppgåvene for arkiv i arkivlova ligg alltid til handsaming som politisk område under Kulturdepartementet. Enger-utvalet (NOU Kultur 2014) har difor arkiv i mandatet. Dei gjer greie for arkivområdet, men i kapittelet som gjer greie for kostnader er det ingen kostnader knytt til arkiv nemnt. Dette fordi ein nyttar KOSTRA-tal. Arkivoppgåver vert og i nokre få tilfelle registrert under bibliotek.

LLP forstår at kostnader knytt til dagligarkiv og postmottak i kommunane kan registrerast som administrative kostnader, men meiner at oppgåver knytt til bevaring og formidling må skillast ut som ein eigen ressursinnsats på kulturfeltet. Desse oppgåvene er forankra i eiga lov med forskrift og i kommunane sin politikk for dette, og kostnadene knytt til denne ressursinnsatsen er betydeleg.

Som eit døme sender me dykk oversikt over kostnader knytt til kjøp av depottenester hjå Interkommunalt arkiv for Buskerud, Vestfold og Telemark, som med sine 40 eigarkommunar mottek nesten 20 millionar kroner i 2015 for tenester knytt til bevaring og formidling.

LLP ber med dette om eit møte for å drøfte problemstillinga nærare og vonar arbeidsgruppa, eller representantar for arbeidsgruppa kan finne høve til dette. Me kan i første omgang foreslå eit møte 6. januar.

Landslaget for lokal- og privatarkiv
27.11.2015


Kommentarfeltet er stengt.