Om LLP
Landslaget for lokal- og privatarkiv (LLP) er ein medlemsorganisasjon for institusjonar og enkeltpersonar som arbeider med vern og formidling av kommune- og privatarkiv, eller som er opptekne av arkivspørsmål. Organisasjonan vart stifta i 1986.
Medlemene i LLP er arkivinstitusjonar, museum, kommunar, bibliotek, historielag, privatbedrifter, og fleire av arkivverket sine institusjonar. LLP har òg personlege og assosierte medlemer.
Kva Gjer LLP?
LLP sitt føremål er å fremje vern og formidling av privat og kommunalt arkivmateriale, og å heve den arkivfaglege kompetansen.
Sentrale arrangement for medlemene er kurs og seminar om arkivkunnskap. I samband med kvart landsmøte vert det arrangert fagseminar.
LLP gjev medlemene råd om arkivarbeid og om institusjonar som kan vere nyttige samarbeidspartnarar.
LLP løyver kvart år tilskot til prosjekt i medlemsorganisasjonane. Utlysing og handsaming av søknader føregår ein gong i året.
LLP arbeider med arkivpolitikk. Organisasjonen er høyringsinstans for nye offentlege planar, stortingsmeldingar, og lovverk innan arkivområdet.
LLP er prosjekteigar for ulike faglege prosjekt som bidreg til å auke arkivfagleg kompetanse.
LLP er representert i styret for Asta – Arkiv System Til Alle.
LLP deltek i internasjonalt samarbeid, mellom anna Den nordiske arkivdagen som vert arrangert i November kvart år.

Bli tilhengjar på facebook