Fagseksjon for kommunale arkiv

Fagseksjonen sitt mandat

LLP sin fagseksjon for kommunale arkiv skal stø LLP sitt styre med å ivareta interessene til institusjonar som arbeidar med kommunale arkiv. Fagseksjonen sine arbeidsoppgåver vert fastsett i samråd med LLP sitt stye. Sentrale område kan vera arkivmeldinga, ASTA/Arkivportalen, elektroniske arkiv eller arrangement av seminar og liknande.

-Fagseksjonen skal sjølv koma med initiativ og fremje forslag ovanfor LLP sitt styre når det gjeld kommunalt arkivarbeid.
-Fagseksjonen skal vera utgreiings- og høyringsinstans for LLP sitt styre i alle saker som vedkjem kommunalt arkivarbeid.
-Fagseksjonen kan etter avtale med LLP sitt styre representere LLP utad.

Kontakt mellom fagseksjonen og styret skal sikrast på følgjande måtar:

-Fagseksjonen er representert i LLP sitt styre ved den landsmøtevalde seksjonsleiaren.
-Saksframlegg til LLP sitt styre som gjeld kommunalt arkivarbeid skal sendast seksjonen for fråsegn.
-Alle godkjende styremøtereferat skal sendast til fagseksjonen sine medlemer.
-LLP sitt styre kan kalla inn heile fagseksjonen til styremøter.
-Fellesmøter vert arrangert jamleg.
-Fagseksjonen sine referat og saksframlegg skal sendast til styret.


Styre og kontaktpersonar
Turid Holen. 2013-2015 (leiar)
Interkommunalt Arkiv i Vest-Agder IKS
Tlf: 38 14 55 93/92 82 1945
e-post: holen@ikava.va.no

Berit Stie 2012-2014
Aust- Agder kulturhistoriske senter
Tlf: 37 07 35 25
e-post: berit.stie@aaks.no

Tom Oddby 2012-2014
Byarkivet i Drammen
Tlf: 32 04 66 99/92 04 56 12
e-post: tomodd@drmk.no

Varamedlemer
1. vara: Tor Ingve Johannessen 2012-2014
IKA Rogaland
Tlf: 51 50 12 80 / 91 68 57 03
e-post: tor.johannesen@ikarogaland.no

2. vara: Tone Stakvik 2012-2014
IKA Trøndelag