Landsmøtet

Landsmøtet er LLP sitt øvste styrande organ og består av LLP sine medlemer.

Landsmøtet vert arrangert ein gong i året der alle medlemsorganisasjonar får innkalling og har røysterett.

Medlemer og varamedlemer av LLP sitt styre har ikkje røysterett på landsmøtet. Personlege medlemer og assosierte medlemer har ikkje røysterett, men kan veljast til verv for LLP.

Varsel om ordinært landsmøte skal sendast til medlemene seinast 60 dagar på førehand. Landsmøtet skal haldast innan juni månad.
Saker som skal fremjast for landsmøtet må vere styret i hende seinast 30 dagar på førehand.
Innkalling til landsmøte skal sendast ut minst 21 dagar på førehand. Med innkallinga skal det følgje årsmelding, revidert rekneskap, framlegg til budsjett, handlingsplan, valkomitéen si innstilling, eventuelle framlegg frå styret og styret si innstilling i saker fremja av medlemer.

Landsmøtet sine forhandlingar

Landsmøtet skal handsame følgjande saker:

  1. Konstituering: Val av møteleiar, referent og representantar til å underskrive protokollen frå møtet.
  2. Årsmelding
  3. Revidert rekneskap
  4. Fastsetjing av kontingent
  5. Budsjett
  6. Handlingsplan
  7. Val av styre
  8. Val av valkomité på tre medlemer etter framlegg frå styret.
  9. Framlegg fremja av medlemer eller styret.

Landsmøtet kan berre handsame saker som er varsla i innkallinga.
Vedtak på landsmøtet blir gjort med alminneleg fleirtal, med unntak av framlegg om vedtektsendringar og oppløysing av organisasjonen (jfr §§ 13 – 14).

Ekstraordinært landsmøte
Ekstraordinært landsmøte skal kallast inn når 1/3 av medlemene krev det eller etter vedtak i styret. Innkalling skal skje med minst 21 dagars varsel. Ekstraordinært landsmøte kan berre handsame den saka som er årsak til møtet.